Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiarane sluttar før tida: – No hoppar me av, men det har vore ein fantastisk arbeidsplass

Bildet viser Heggestad og Gjerde.

Dei pensjonerer seg før tida på grunn av omstillingsprosessen i Lærdal. Men sjølv om ei heil avdeling er historie, vil sjukepleiarane løfta fram det gode arbeidsmiljøet og oppmoda helsepersonell om å søkja seg dit.

Ingunn Heggestad var først innom sjukehuset i Lærdal som sommarvikar i 1979. No er ho 66 år og skulle eigentleg ha jobba elleve månadar til.

– Eg har vore med på veldig mange omorganiseringar på desse åra. Det er ein slitasje og ei belastning på personalet for kvar endring, så no kjende eg at eg ikkje hadde meir å gje.

Bildet viser et navneskilt som det står Ingunn Heggestad på.

Torsdag 28. mai hadde ho si siste vakt på overvakinga på medisinsk avdeling – ei avdeling som held fram som før, men som måndag 1. juni får inn fleire av dei som til no har jobba på ortopedisk avdeling.

– Det blir jo ei endring på medisinsk avdeling òg, med tanke på nye vaktplanar, og at det kjem inn nye folk, seier ho.

– Heilt uaktuelt

Ei av desse kunne ha vore Anne Guri Gjerde. Ho har jobba på ortopedisk sengepost i tredje etasje, som forsvinn med nedlegginga av ortopedien.

Gjerde er 65 år og hadde tenkt å jobba til ho fylte 67. Til liks med kollegaen valde ho å gje seg før tida på grunn av omstillingsprosessen.

– I slutten av april fekk eg tilbod om ei ny stilling, der eg skulle jobba 40 prosent på medisinsk avdeling og dei resterande 50 på poliklinikk, som då ville ha innebore både medisinsk- og skadepoliklinikk. For meg vart det veldig vanskeleg å takka ja til noko slikt.

Gjerde presiserer at ho har vore tilsett i ei stilling på 90 prosent på ortopedien.

Ho fortel at dei tilsette kryssa av i eit skjema på alternative stillingar og om dei ville reisa til Førde.

– I min alder er det heilt uaktuelt å pendla til Førde, og det å skulle «starta på nytt» på tre område var heller ikkje aktuelt. Difor landa eg på same avgjerd som Ingunn.

Tung omstillingsprosess

Gjerde er lærdøl og vaks opp eit steinkast unna det som skulle visa seg å bli arbeidsplassen hennar gjennom heile yrkeslivet. Ho starta i oppvasken på sjukehuskjøkenet då ho var 14 år.

Seinare utdanna ho seg til sjukepleiar på det som heitte Sogn og Fjordane sjukepleiarhøgskule i Førde, og byrja å jobba som sjukepleiar i Lærdal i 1986.

Til liks med Heggestad har ho vore med på alt av omorganiseringar og omstillingar sidan då.

– Ingen av dei tidlegare omstillingsprosessane har vore like tunge som denne, meiner Gjerde.

Inntrykket hennar er at alt har gått raskare enn før. Frå vedtaket om å leggja ned ortopedien var gjort i januar, har administrasjonen og HR-avdelinga vore innom sjukehuset og hatt informasjonsmøter og samtalar med dei tilsette.

– Eg opplever likevel ikkje at me har blitt ordentleg høyrde eller inkluderte i prosessen, seier ho. Slikt gjer at misnøya med prosessen og leiinga blir sterk, meiner dei to.

Måndag skal fleire tidlegare kollegaer starta i nye turnusar på ei ny avdeling. Gjerde peikar på at kollegaene har gitt uttrykk for at dei til dømes burde ha fått vaktplanar tidlegare.

Bildet viser Lærdal sjukehus

Begge understrekar at dei ikkje tykkjer omorganisering alltid er noko negativt.

– På 90-talet var det me som hadde ansvar for AMK for heile Indre Sogn, og me hadde også legevakttenesta. Ein må ikkje gløyma at nokre ting har blitt betre og enklare etter omorganiseringar, seier Heggestad.

Har pendla i nesten 40 år

Heggestad er frå Kaupanger, der ho framleis bur. I snart 37 år har ho pendla til jobben i Lærdal. Ein av grunnane til at ho stiller opp i avisa, er for å fortelja kvifor ho har orka det.

– Det har vore ein fantastisk arbeidsplass med eit veldig godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagmiljø.

Kvar gong ho har reist på kurs eller hospitert på andre sjukehus, har ho fått anerkjennande nikk når ho har sagt at ho jobbar i Lærdal. Gjerde har opplevd det same.

– Me har vore stolte av å høyra til her, og me har fått høyra at me er langt framme både på smertelindring, operasjonsmetodar og behandlingsutstyr, fortel dei.

Bildet viser en tegning.

Har ikkje kvidd seg for å gå på jobb

Fram til omorganiseringa av overvakingsposten i 2009, som førte til at kirurgisk og medisinsk avdeling blei delt, var Heggestad leiar på avdelinga.

Ho fortel at ho kunne ha halde fram med å jobba på overvakinga, men gjentek at den siste omstillinga har tatt knekken på motivasjonen.

Gjerde jobba tett med Heggestad på overvakinga tidlegare, men har dei siste åra vore fast på sengeposten i tredje etasje, der ho har tatt seg av pasientar etter operasjonar.

– Eg kan med handa på hjartet seia at det ikkje har vore éin einaste dag eg har kvidd meg til å gå på jobb, seier Gjerde.

– Var eit fullverdig sjukehus

Dei fortel entusiastisk om korleis det var å jobba på sjukehuset på 90-talet.

– Den gongen var det eit fullverdig sjukehus med akuttfunksjonar og fødeavdeling. Me kunne gjera nær sagt alt av avanserte operasjonar, seier Gjerde.

Mage- og tarmoperasjonar, hofteoperasjonar og innsetjing av pacemakerar blir ramsa opp.

Bildet viser Heggestad og Gjerde

Heggestad minnest ei natt då dei opererte ei hovudpulsåre, med eit operasjonsteam som var floge inn eins ærend frå Ålesund.

– Me har liksom alltid kjent at me har lege langt framme i skoa, seier ho, før Gjerde skyt inn:

– Hugsar du då me brukte eit slikt gamaldags bor for å opna skallen på ein med hovudskade? 

Begge minnast den litt spesielle prosedyren, som gjekk bra. 

Gjerde finn fram eit bilde frå slutten av 1980-talet og fortel om den gongen ein japansk ortoped var på rundreise i Skandinavia og braut ankelen då han var innom stavkyrkja på Borgund. Sjølvsagt blei han behandla på sjukehuset i Lærdal. Gjerde er nr. fem frå venstre.

Fekk kollegaer på mottaket

Dei ser tilbake på eit gjevande, men og krevjande yrkesliv. Gjerde fortel om ei vakt som har brent seg fast.

– Det var då me hadde ansvaret for AMK, og eg kom på seinvakt og avløyste kollegaene på skiftet før meg.

Like etterpå kom det inn ein telefon.

– Oppringjaren frå ambulansen sa namnet på eine kollegaen eg nett hadde avløyst, og fortalde at ho var på veg inn på akuttmottaket. Nei, sa eg, det stemmer ikkje, ho har nettopp reist frå vakt.

Det viste seg at kollegaen hadde hamna i ei alvorleg bilulukke på Fodnes. Ho pendla saman med ein annan kollega som sat på i same bil. Dei var hardt skadde og kom inn att som pasientar.

– Korleis taklar ein noko slikt?

– Du taklar det berre. Du er jo profesjonell og viser ikkje på utsida korleis du har det på innsida. Men det var veldig spesielt å få inn to kollegaer eg nett hadde sagt ha det til. Begge overlevde, men blei hardt skadde, fortel Gjerde.

Heggestad samanliknar sjukehuset i Lærdal med eit velsmurt maskineri.

– Me har som regel ein debrief etter slike hendingar. Me har vore gode på å tilby kollegastøtte til kvarandre opp gjennom, seier ho.

Her ventar dei på ein akuttpasient.

Brannen

Dei kjem heller aldri til å gløyma storbrannen natt til 19. januar 2014.

Gjerde hadde vore på nattevakt natta før og skulle til å leggja seg då naboen kom springande opp trappa for å fortelja at heile Øyri stod i flammar. Heggestad kom med ekstraferje over fjorden for å trø til på vakt.

– Det myldra etter kvart med folk utanfor inngangspartiet her, minnest Heggestad.

Politi, helikopter og mannskap frå Forsvaret dirigerte, og hundrevis av pasientar blei sett til på sjukehuset som følgje av brannen.

Etter kvar dukka lokal- og riksmedia opp. Det var ulikt noko anna dei hadde stått i.

– Me fekk inn folk med alvorlege røykskadar. Dei var heilt svarte av soten, skildrar Heggestad, medan ho tek seg til ansiktet.

– Det gjekk av seg sjølv

– Eg minnest veldig godt den sterke røyklukta som slo imot meg ned trappa frå andre etasje, fortel Gjerde.

Brannmannskap kom inn og slengde frå seg ihelrøyka klede i gangen. Lukta var ekstrem.

– Korleis var det å jobba under ei slik hending, korleis var dynamikken mellom sjukepleiarar og legar?

– Det gjekk av seg sjølv. Du var heilt fokusert på arbeidsoppgåvene du skulle gjera. Me var heldige som hadde to erfarne overlegar i Geir Berge Øverland og Truls Jellestad på huset den natta, seier Heggestad.

På eit tidspunkt gjekk straumen, og dei mangla også vatn, men sjukepleiarane minnest roa som låg over sjukehuset, trass i den særs alvorlege situasjonen.

– Det er noko spesielt med samhaldet her. I eit lite miljø blir me samkøyrde og godt kjende med kvarandre. Det går av seg sjølv, ting flyt, supplerer Gjerde.

At det berre er tolv år sidan, gjer dei eit poeng av, og dei peiker også på paradokset ved å vera i beredskapens år, samstundes som at dei no opplever ei nedbygging av sjukehuset.

Radikale endringar

Det har skjedd radikale endringar i måten helsevesenet er organisert på sidan dei to damene starta som sjukepleiarar i Lærdal.

Frå å vera styrt under tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune, er det i dag organisert som ein statleg føretaksmodell som styrer etter liknande mekanismar som i privat næringsliv.

Spesielt helseføretaksreformen er Heggestad kritisk til.

– Det som har endra seg mest frå då me starta, er nok mengda dataarbeid me er pålagde å gjera. Me skal dokumentera alt, og det et opp tida med pasientane, seier ho.

Gjerde har lagt merke til ei anna endring:

– Det er mindre fokus på fysisk kontakt no. Me lærte at me skulle bruka det kliniske blikket og hendene våre. Det var ein viktig del av sjukepleiarutdanninga. Vår generasjon er nok dei som ser denne endringa mest.

I tillegg ser dei med uro på det dei meiner er for mange mellomleiarstillingar i helsevesenet.

– Sjukepleiarar forsvinn frå golvet og opp i mellomleiarstillingar. Dei som er att, må springa endå raskare. Generelt er det for mange leiarstillingar i administrasjonen og helsevesenet, tykkjer Heggestad.

Pensjonistlivet

Begge skildrar eit yrke prega av høgt tempo og varierte arbeidsdagar.

Det passar ikkje for alle, men dei er klare på at dei ikkje ville ha valt noko anna. Dei har elska jobbane sine, seier dei.

– Korleis blir det å gå over til pensjonisttilværet, då?

– Me kjem ikkje til å kjeda oss. Begge er damer som liker å driva på med ting, ler Gjerde og ser på kollegaen.

Her er dei inne på overvakinga. Denne avdelinga held fram, så og seia som før, men med nytt personale frå ortopedien.

Barnebarn, oppussing og vedlikehald av hus og hytter samt fjellturar og friluftsliv blir ramsa opp som noko av det dei skal bruke tida på framover.

– No til dags handlar alt om endring og effektivisering. Alt endrar seg så raskt, og slik er det. Vil ein ikkje vera med på det, lyt ein hoppa av karusellen. No hoppar me av, men det har vore ein fantastisk arbeidsplass, oppsummerer Heggestad.

Oppmodar folk om å søka

I etterkant av omstillingsprosessen har HR-direktør Arne Skjelten sagt at ei av hovudutfordringane for Helse Førde framover er å rekruttera nok kvalifisert personale. Særleg krevjande er det å få tak i spesialistar ved lokalsjukehusa, har han uttalt.

Heggestad starta karrieren på Bærum sykehus. Der var ho i 9 år før ho fekk jobb i Lærdal. No har ho hatt si siste vakt

Dei erfarne sjukepleiarane ristar på hovudet på spørsmål om kva dei tykkjer om at det nyleg blei lyst ut åtte sjukepleiarstillingar i Lærdal etter at for mange slutta i omstillinga.

Sjølv om ei heil avdeling no forsvinn og sjukehuset mistar flaggskipet som ortopedien har vore, ønskjer dei sterkt å oppmoda både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar og legar til å søka seg til Lærdal.

– Det er ein utruleg bra plass å vera. Du får gjera så mykje ulikt. LIS-legar får verkeleg utfordra seg, og samhaldet er heilt fantastisk. Sjølv om ein no mister fleire funksjonar, er det framleis att ei medisinsk avdeling og varierte oppgåver.

Artikkelen vart først publisert i Sogn Avis.

1 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Heidi Grande

Pensjonert helsesykepleier og faglærer
1 måned 1 uke siden

Veldig interressant å lese om Lærdal sykehus og sykepleiernes erfaringer og meninger. Dette burde politikerne og helsebyråkratene lese, særlig de som tror at alt blir så mye bedre jo større enhetene er.
Sykepleierne fortjener ei lang pause, men etter et år eller to burde de få tilbud om deltidsjobber med full lønn og uten å tape pensjon, for fortsatt å kunne bidra med sin unike kompetanse.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Seksjonsleder
Kjøp annonse

Quiz

Annonse
Annonse