Hopp til hovedinnhold

Institusjonar deler pasientkvardagen på sosiale medium

Bildet viser et portrett av Gunhild Rolandsen

Når helseinstitusjonar legg ut bilete og film frå kvardagen, kan pasientar bli gjenkjennelege. Teieplikta gjeld også på Facebook og Instagram.

Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens holdning og meninger.

Mange av oss er på sosiale medier. Brukar tid vi før brukte på andre ting. Vi likar å legge ut glansbilder av livet. Vise fram dei gode dagane. Enkelte legg ut både sorg og glede. 

Kva vi gjer som privatpersonar, har ingen noko med, men kva vi gjer som arbeidstakarar og offentleg tilsette, kan ha betyding for andre – både positivt og negativt. 

Det er mange arbeidsstadar på instagram og sikkert andre plattformer også. Enkelte brukar kontoen som opplæring/informasjon. Det er bra og ein god måte å få ut informasjon til befolkninga, men det er stor forskjell på rein informasjon og å dele kvardagslivet på ein institujon/bufellesskap/dagsenter. 

Teieplikta gjeld også i sosiale medium

Vi har ei omfattande helselovgivning i Norge, noko vi skal vere glade for. Mellom anna er teieplikta regulert både gjennom helselovgivninga og forvaltningslova. Det er også regulert kva som er helsetenester. Så lenge ein er i behov for helsetenester, er ein person definert som pasient, uansett om begrepet bebuar eller brukar er det som ofte blir brukt i dag. Brot på teieplikta er alvorleg og kan i verste fall resultere i fengselsstraff.

Ein ting eg har reagert på over fleire år, og vil setje fokus på, er sosiale media og eldreomsorga. Det ser ut som om det er viktig for mange einingar/tilsette å få ut mest mogleg «informasjon om dagleglivet» til flest mogleg, uavhengig av tilknytning til eininga.

I helseforetaka er det strenge reglar for dette. Når vi kjem inn på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset (SNR Hjelset) som er det næraste sjukehuset for meg, så står det informasjon om at det ikkje er lov å fotografere verken tilsette eller pasientar (sikkert på andre sjukehus også). Dette handlar om å ta teieplikta/personvernet på alvor. Ingen treng, til dømes, å vite at fru X eller herr Y er på kreftpoliklinikken eller på psykiatrisk poliklinikk i dag.

Pasientar kan bli gjenkjennelege

Mange institusjonar legg ut bilder på facebook der du ikkje ser pasienten, men situasjonen. Det må vere greitt, men andre legg ut filmar eller bilder der både pasientar og personale er gjenkjennbar. Det er heller ingen informasjon knytta til innlegga om at tillatelse til publisering er innhenta. Og om det er innhenta: Har personar med ei demensdiagnose som er komne så langt i sjukdomsforløpet at hen er innlagt i institusjon, samtykkekompetanse? 

Det er mange spørsmål som kjem opp vedr. publisering i sosiale medier. Kanskje enkelte på ei avdeling har gitt godkjenning, men andre ikkje. Det er ikkje alle som har lyst til å bli profilert i sosiale medier verken som frisk eller sjuk. Slik er vi alle forskjellige. Og blir då dei som unndrar seg profilering ikkje teke med på desse aktivitetane?

Og eg spør: Kva er hensikta med at institusjonar/bufellesskap/dagsenter er på sosiale medier? Dersom det er informasjon til pårørande må det jo i så fall vere lukka grupper der nokon har ansvar for at folk blir fjerna når dei ikkje lenger er pårørande. Eg meiner at dette må vere brot på teieplikta/personvernet.

Helseeiningar må lage klare reglar

Eg kunne ha tenkt meg at det vart fokus på desse problemstillingane. Det minste vi må forvente når institusjonar eller privatpersonar legg ut slike saker, er at dei orienterer om at tillatelse er gitt frå den som har mynde til å tillate publisering.. 

Alle einingar i helsetenesta må ha klare retningsliner for bruk av sosiale medier og kva som er tillatt/ikkje tillatt. Og alle institusjonar må bevistgjere sine tilsette på kva som er lov/ikkje lov.

Til samanlikning er barnehage- og skolesektor veldig beviste på denne problemstillinga. Om noko blir lagt på sosiale medier er ansiktet alltid skjerma, eller vi ser kun situasjonen. Eks. bilder som er tatt bakfrå.

Vi må hugse at det som bli lagt på nettet blir liggande, - og så lenge det ligg der kan det delast «i hytt og pine» 

Kopi av dette lesarinnlegget blir sendt til Fylkeslegen hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal.

3 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ruth

Pensjonert spes. sykepleier
3 uker 2 dager siden

Så bra at dette blir tatt opp her. Jeg ble trist og lei meg da jeg fikk se bilder av to av mine ungdomsvenniner som har fått Alsheimer på FB og Instagram. De var/ er pasienter på dementsavd på et lokalt Sykehjem som var ute på tur eller sosiale tilstelninger på hjemmet. Mange bilder og lett gjenkjennelige 😒

Reidun

Pensjonert helsearbeider
3 uker 2 dager siden

Min bror og kona har vore 7 år på sjukeheim på andre sida av fjellet der mange av hans familie ikkje bur. Så kjekt for oss å sjå at han "syklar" på heimlege trakter og at hans blide ansikt ko
sar seg når han får dyrke sin sanghobby i fellesskap med andre.Og at han held si demente kone kjærleg i handa. Med si yrkestekniske innsikt har han (og barna)sagt ja til deling på FB. Det har vore ei stor trøyst for familie og venner å følgje hans kvardag på dette viset. Og det må vel vere viktig omsorg i ein trist livssituasjon.
(Er sjølvsagt imot ukritisk deling av sårbare mennesker)

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Seksjonsleder
Kjøp annonse

Quiz

Annonse
Annonse