Hopp til hovedinnhold

Me godtek fasaden for lett

Christine Molven

Mange svarar «det går bra» fordi det er enklare enn å vise sårbarheit. Me må bli modigare i møte med det som ikkje blir sagt.

Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens holdning og meninger.

 «Det går bra». Me seier det raskt. Av høflegheit. Av vane. Av frykt for å skilje oss ut, vise oss sårbare, ta plass eller vere ei belastning. Eller kanskje fordi det er forventa? Kanskje fordi det er ein måte å halde fram på, utan å opne døra til det som er tungt. 

For mange har dette svaret blitt ein refleks som me serverer på autopilot. Det kjem spontant og utan tanke – sjølv om me kanskje eigentleg ikkje har det så bra. Dei fleste av oss godtar «det går bra» som eit truverdig svar. 

Nokon gonger er me kanskje til og med letta, fordi svaret ikkje krever meir av oss. Me tolkar det som eit punktum og ikkje noko som skal utfordrast. I staden for å vere nysgjerrig, eller stoppe opp. I staden for å sjå etter det som ikkje vert sagt. Me går vidare i kvardagen og tenkjer me har gjort det som er forventa. Det som er høfleg. 

Me mistolkar det som ser bra ut

I ei tid der stadig fleire slit psykisk, har me samstundes vorte flinke til å skjule korleis me faktisk har det. Me leverer, presterer, møter opp. Strekker oss og pressar oss. Me er opplærte til å vere flinke. Me bruker gjerne ytre teikn som målestokk for korleis folk har det. 

På utsida ser det bra ut, og det er lett å tru at folk som fungerer, har det bra. Å vere sjølvstendig, arbeidsfør, fleksibel, påliteleg og tilpassingsdyktig vert høgt verdsett og er ofte markørar for kor godt ein klarar seg. 

Det som er stille, blir tolka som friskt. Det som ikkje forstyrrar, blir tolka som stabilt. Det som ikkje krev noko, blir sett på som uproblematisk. Denne kulturen kan føre til at sårbarheit vert sett på som svakheit. Å be om hjelp vert opplevd som å mislukkast. 

Mange ber smerta aleine

Bak fasaden av normalitet kan det vere ganske annleis. Uro, søvnvanskar, utmatting, meiningsløyse, einsemd, fortviling, frykt, angst, høg beredskap og ei kjensle av å ikkje strekke til. Mange går rundt og strevar aleine, utan at nokon rundt veit korleis dei eigentleg har det. Ikkje fordi dei ikkje treng hjelp, men fordi dei ikkje vil vere til bry. 

Eller fordi dei tenkjer at andre har det verre. Kanskje dei ikkje veit korleis dei skal be om hjelp. Stigma knytt til psykiske utfordringar legg fortsatt begrensningar i samfunnet. 

Psykisk smerte forsvinn ikkje av å bli ignorert eller undertrykt. Ho veks. Mange lever med psykiske plager og smerte utan at det påverkar ytinga deira – på kort sikt. Men prisen blir betalt ein stad: i kroppen, i søvnen, i relasjonen til seg sjølv og andre. 

Styrke er å be om hjelp

Me lever i ein kultur der det å vere sterk ofte betyr å ta seg saman og gjere det ein skal – det som er forventa. Me skal ikkje vise sprekker eller svakheit. Me gjer det til tross for at me veit at nettopp dette handlingsmønsteret bidrar til å gjere folk sjuke. Å vere sterk handlar ikkje om å tole alt. Det handlar om å vite når nok er nok og be om hjelp når ein treng det. 

Kanskje er ikkje det største problemet at folk har det vondt. Kanskje er problemet at me har bygd eit samfunn der ein kan ha det vondt utan at nokon merkar det. Der ein kan fungere – og forsvinne på same tid. Me treng ikkje vere psykolog for å bry oss eller gjere ein forskjell. Me treng berre vere eit medmenneske. 

Me må spørje ein gong til

Kvar gong me spør «korleis går det?» utan å meine det eller ynskje eit ærleg svar, lærer me kvarandre at høflegheit er viktigare enn autentisitet, sunnheit og det medmenneskelege. Kvar gong me svarar «det går bra» når det ikkje gjer det, gjer me oss sjølve litt meir usynlege. Psykisk helse handlar ikkje berre om fråvær av sjukdom og plager. Det handlar om korleis me har det med oss sjølve, med kvarandre og i kvardagslivet. 

God psykisk helse er ikkje berre eit ansvar for tenestene eller fagfolk. Me har alle eit ansvar. Me må bli betre til å vere nysgjerrige. Me må tore å spørje ein gong til. Våg å spørre – og vent på svaret. Tål tårer, stillhet og vanskelige følelser. Stå i det – ikkje skift tema når samtalen vert alvorleg. Me må bli dårlegare til å godta fasadar. Ikkje for å grave, men for å skape rom for meir enn standard høflegheitsfrasar. Det som ser bra ut, er ikkje alltid bra. Det som er stille, er ikkje alltid friskt.

2 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.
Spesialsykepleier
1 måned 1 uke siden

Tips: Ikke bruk bilde med filter når du skriver kronikk om fasade

Helga

Pensjonert helsesykepleier
1 måned 1 uke siden

Christine Molven, du har helt rett. Jeg skal bli flinkere til å prøve og møte mine venner bak fasaden. Slik kan vi sannsynligvis gjøre livet lettere for hverandre; ihvertfall varmere.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Seksjonsleder
Kjøp annonse

Quiz

Annonse
Annonse